Og vi var ikkje seine med å melde oss på. Det var til slutt berre Espen og Daman som hadde muligheten til å reise, ettersom seminaret vart lagt til påskeferien, men dei fekk følgje av fleire andre frå Rogaland.
Etter ein relativt lang flytur (måtte mellomlande i både Tromsø og Bodø), kom vi endelig fram til Tromsø og Breivika VGS som var der vi skulle holde til. Det tok derimot ikkje lang tid før nokre av deltakarane fant ut at ville snøbade. Som sagt så gjort. Resten av seminaret blei fullt med bytur i Tromsø, foredrag om Kristen Etikk og eit svært interessant foredrag av Andreas Heldal Lund. Og før vi visste ord av det var det tid for å reise heim att. Turen ned vart lenger enn turen opp, for i tillegg til å mellomlande i Trondheim og Bodø, måtte vi og mellomlande i Bergen. Takk til Tromsø Lokallag for eit morosamt og spennande seminar!

Daniel venter på at flyet skal ta av frå Solo Lufthamn

Alle er samlet for pizza og brus

Shopping i Tromsø Sentrum

Espen på Cafè

Ishavskatedralen i Tromsø

Espen, Anine, Freja og Kajsa

Ingenting slår Tom og Jerry mens ein venter på at flyet skal komme (Solo var på tilbud)

Thea ved siden av nokre tapte venner.